Injeksjonsbehandling
Medisinsk botox – behandling som betrar livet for mange
Medisinsk bruk av botulinumtoksin A (botox) hjelper kvart år svært mange menneske til eit betre liv. Behandlinga vert nytta mot tilstandar som kronisk migrene, spenningshovudpine, overdreven svetting og muskelspasmar. Botox er eit legemiddel med mange bruksområde – ikkje berre innan kosmetiske tilstandar.
Ein av verknadene er at botox mellombels hemmar muskulatur, og det gjer legemiddelet effektivt mot plager der musklane er ein del av årsaka.
Korleis går behandlinga føre seg?
Botox vert sprøyta inn rett under huda med ei svært tynn nål. Legemiddelet blokkerer nerveimpulsar til dei aktuelle musklane, og reduserer slik muskelsamantrekningar og smertesignal. Behandlinga er godt utprøvd og trygg, og dei aller fleste opplever lite eller ingen ubehag. Du kan gå rett tilbake til daglege gjeremål etterpå.
Full verknad kjem etter om lag to veker. Effekten varer gjerne tre til fire månader, og hos nokre opp til seks månader. For kvar nye behandling aukar ofte varigheita, slik at intervallet mellom kvar behandling kan aukast over tid.
Biverknader
Normale biverknader kan vere rødheit, blåmerke eller hevelse rundt injeksjonsstaden, som går over raskt. Alle kroppar reagerer ulikt, og behandling, forventningar og eventuell risiko vert grundig gjennomgått i konsultasjonen.
Ta kontakt
Eg behandlar fleire former for medisinske lidingar med botox og svarar gjerne på spørsmål du har. Ta kontakt for ei uforpliktande samtale og vurdering.
Desse gruppene kan ikkje behandlast med Botulinumtoxin
Alle som er under 18 år
Gravide og ammande
Dersom du har sår eller infeksjoner i behandlingsområdet
Dersom du har feber eller nedsatt immunsystem
Dersom du har allergi mot Botulinumtoxin eller albumin (egg)
Dersom du går på blodfortynnande medisinar
Dersom du har spesielle nevrologiske sjukdomar
ALS
Andre alvorlige nevromuskuløse lidelsar
Priser
Kostnaden vil variere ut frå kva behandling du ønsker og størrelsen på behandlingsområdet. Normalt er kostnaden høgare for behandling av migrene og svette, då dette krever meir Botulinumtoxin A/Botox.
Sjå nokre eksempel i vår prisliste under og nøl ikkje med å ta kontakt dersom du har spørsmål.
Eksempler på hva klinikken kan hjelpe med
-
Migrene/spenningshodepine
Mange migrenepasienter har vanskar med å finne ei behandling som fungerer mot hodepine, og stadig fleire, både pasientar og helsepersonell, vender oppmerksomheita mot muskelavslappande lindring.
Migrene/spenningshodepine er ein indre reaksjon som ein antar delvis utløysast av overaktive musklar i hoderegion, øvre ansikt, nakkeregion og ryggregion. Ved å injisere botox i ein eller fleire av desse muskelområda vil botox kunne blokkere smertesignala til musklane. På denne måten vil denne type behandling kunne redusere migreneanfall og/eller redusere anfalla si smertegrad. Migrene er ein kompleks lidelse og dermed vanskelig å behandle fullt ut. Nokre opplever svært god effekt, andre mindre. Normalt vil behandlinga i hvert fall ha god effekt i eit halvt år.
Pris: frå 5.500
-
Tanngnissing/kjevesmerter
Mange er plaga med tanngnissing og kjevesmerter som kan gi spenningshodepine og skade på tenner. Injeksjonen gis i muskulatur i kjeven. Det har vist seg at ved å delvis svekke tyggemuskulaturen med botox kan dette være svært effektivt mot tanngnissing og redusere plagar forbunde med dette. Behandlinga må gjerne gjentakast etter 3-6 månader.
Pris: 5.000
-
Svettebehandling
Injeksjonsbehandling for å motvirke overdreven svette er ei effektiv og god behandling. Dei fleste merkar svært god effekt av denne behandlinga og effekten varer i rundt 6 – 9 månader.
Vi behandler armhuler, panne og handflater.
Pris: fra 4.500
-
Tannkjøttsmil ("gummysmile")
Tannkjøttsmil eller «gummy smile» er når ein viser myke tannkjøtt ved smiling. Dette er sjølvsagt ikkje noko gale eller skadelig i seg sjølv, men for dei som tykkjer det er veldig sjenerande kan ein gjennom behandling med botox gjere at overleppa ikkje hevar seg like mykje når du smiler.
Resultatet varer i 3-4 månader.
Pris: 2.000
-
Andre behov
Injeksjonsbehandling kan benyttast på mange ulike tilstandar.
Vi har kunnskap til å behandle ei rekke andre behov, så ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om andre utfordringar.