Dette tilbyr vi

Tannklinikken Sunne Tenner er ein tannklinikk som kan hjelpe med det meste. Klinikken drivast av meg, Svenja Maria Sandbakk. Nokre gongar må eg henvise til spesialistar, og sånn fungerer helsesystemet vårt på ein god måte for deg som pasient.

Eg veit at ikkje alle gler seg til å oppsøke tannlegen. Difor skal du vite at eg vil gjere mitt ytterste for å ta godt vare på deg.

Om du kjenner på noko ved tennene dine, så ikkje vent og sjå om det går over. Det gjer ofte ikkje det av seg sjølv. Snarare tvert imot. Ta difor tidleg kontakt, så kan eg fiske problemet ditt før det blir verre.

På denne sida finn du nokre eksempel på klinikkens tenester og prisar, og meir informasjon om utvalgte behandlingar.


Og så skal du vite at lista er lenger.

Smil med sunne tenner

Meir om dei ulike behandlingane vi tilbyr

Airflow tannrens

Airflow er ein moderne metode for skånsom og effektiv rensing, fjerning tannstein og misfarging på tennene. Misfarging er normalt og påverkast av mat, røyk, snus, kaffi og andre drikker.
Airflow er også ein form for tannbleiking som gir følelse av kvitare, sterkare og reinare tenner. Vi anbefaler å ta denne behandlinga 1-2 gongar i året, gjerne samanfallande med ditt faste tannlegebesøk.

Det er fleire fordelar ved behandlinga versus tradisjonelle metodar:

  • Skånsom mot tannkjøttet: Airflow er ein metode som kan redusere noko av ubehaget som gjerne er forbunde med tradisjonell tannrens.

  • Effektiv fjerning av flekkar: Pulverpartiklane fjerner raskt flekkar frå overflata av tennene, noko som gir eit lysare smil.

  • Komfortabel oppleving: Kombinasjonen av vatn, luft og pulver kan gi ein meir behagelig oppleving.

  • Ingen metallverktøy: Airflow kan redusere behovet for å benytte metallverktøy, noko som reduserer risikoen for ubehag og skade på tannemaljen.

  • Tidseffektiv: Behandlinga er effektiv. Heile prosessen tar vanligvis i underkant av 30 minutter.

  • Eigna for følsomme tenner: Metoden kan vere godt eigna for personar som har sensitive tenner eller tannkjøtt.

  • Førebyggande effekt: Regelmessig behandling kan redusere oppbyggingen av plakk og bidreg til god munnhygiene.

    Om du er nysgjerrig på om dette er noko for deg, så spør gjerne neste gong du besøker oss.

AirFlow. For grundig tannrens og hvitere tenner hos Tannklinikken Sunne Tenner.

Tannbleiking

Der finns mykje på marknaden for bleiking av tenner, men typisk har det liten eller ingen effekt. Som tannklinikk kan vi tilby det som virkar - effektivt, skånsomt og meir varig.

Vi tar avtrykk av tennene dine (valfritt ein eller begge kjever) og får støypt skinner som passar deg 100%.

Spør oss gjerne om tannbleiking neste gong du besøker oss. Epost og telefon fungerar også.