Om meg

Tannklinikken Sunne Tenner drivast av tannlege Svenja Maria Sandbakk.

Eg er utdanna ved Universitetet i Bergen i perioden 2006 til 2011. Etter endt utdanning jobba eg i den offentlege tannhelsetenesta, både i Sykkylven, Nordfjordeid og Stryn. I 2022 etablerte eg denne klinikken i Hornindal og har gjennom alle år tileigna meg brei erfaring og god kompetanse. Eg stortrivast som tannlege og har eit engasjement for god pasientbehandling. Det er viktig for meg å sjå kvar enkelt person, at pasientane føler seg ivaretekne og er fornøgde når dei går frå tannklinikken.

Eg gler meg stort over å kunne tilby gode tannhelsetenester i Hornindal og Nordfjord.

Alle frå fjern og nær er velkomne.

Hos meg er du i gode hender.